Visste du at Fitjar er med i Sunnhordland senioruniversitet?

Ei lita gruppe blei nyleg sett ned av Fitjar seniorsenter for å drøfta om det kunne vera grunnlag for å oppretta eit eige senioruniversitet for Fitjar åleine. Sunnhordland senioruniversitet er eit samarbeid mellom kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Tysnes, Stord og Sveio.

Konklusjonen er førebels at fitjarseniorane vil prøva å marknadsføra tilboda til Sunnhordland senioruniversitet betre her i Fitjar lokalt, og kanskje få til felles køyring til Bømlo viss det er grunnlag for det.

Allereie tysdag 18. november skal professor Bodil Holst ved Universitetet i Bergen ha ei førelesing med tittelen «Nanoteknologi». Holst og medarbeidarane hennar har utvikla verdas første atom-mikroskop, som igjen opnar for utvikling av målemetodar for ekstra små dimensjonar, ned i ein milliondels millimeter.

Førelesninga startar kl. 11.00 i Bømlo kulturhus, kostar kr.100,- og  er open for alle. Dei som er interesserte kan møta opp ved Fitjar kulturhus kl. 09.45. Der kan me  fylla opp nokre bilar og kjøra samla.

(ANNONSE)