Nærmare 100 seniorar hadde møtt opp i kultursalen då ordførar Wenche Tislevoll stod for den høgtidelege opninga av Fitjar seniorsenter.

– Berre fantasien set grenser for kva me kan bruka eit slikt senter til, sa kveldens konferansier, Harald Johan Sandvik. Før han la til at plassen òg set sine grenser …

I opningstalen sin dvelte ordføraren ved ordet «senior» – eit ord som blir brukt i mange ulike  samanhengar. Men felles for dei fleste som vil nytta dette senteret, er at dei ikkje lenger bruker hovudtyngda av tida si i arbeidslivet, sjølv om dei like fullt er ein ressurs. Ordføraren siterte folkehelsekoordinatoren i Fitjar, Kari Raunholm, som har utropt dette seniorsenteret til «den viktigaste helseførebyggjande satsinga i morderne tid». Wenche Tislevoll nytta høvet til å takka dei som har vore med på arbeidet frå 2007 fram til i dag. Ho nemnde spesielt arbeidsgruppa med prosjektleiar Ole Bergesen i spissen. Prosjektet har kosta totalt 1,4 millionar; av dette står Fitjar kommune for 1 million, og 400 000 kr har seniorane samla inn.

Sjølve opninga blei av det litt spesielle slaget. Ingolv Rimmereid hadde gitt ein fin trestav til formålet. Ordføraren kappa over staven med ei svært dårleg sag, til stor jubel frå publikum.

Vigdis Aarre Olsen las sjølvskriven prolog om arbeidet med prosjektet. Per Johan Vestbøstad viste lokale bilete frå tidleg på 1900-talet og fram til i dag. «Med respekt for dei mange flotte personane som diverre ikkje er blant oss lenger, vil me minnast dei med æra». Noko han hausta stor og velfortent fagnad for. Allsongen var òg av det heimekjære slaget denne kvelden. Stadnamnvise av Jacob Vik, til Svein Tørnquist sitt arrangement, kjenner me oss att i. Det same gjeld Fitjar-songen til Lidvald Stubhaug:  – Kvar såg du bygd i vester.

Biblioteksjef Silje Vågen Torbjørnsen fortalte om den lokalhistoriske samlinga som ein har begynt å byggja opp på seniorsenteret. – Her vil me samla materiale om Fitjar, sa ho, og på denne måten vil senteret fungera som eit utvida bibliotek. Toralv Røen nytta høvet til å helsa Fitjar eldreråd, Ellinor Bergesen frå Fitjar Frivilligsentral, og Agnar Aarskog helsa frå Fitjar Kraftlag. Helsing fekk og senteret frå kultursjefen i Fitjar kommune, Bente Bjelland. Ingunn Jensen Raunholm presenterte seniordansen med to nummer. Magnar Kloster orienterte om sogelaget og nytta høvet til å selja frå restopplaget av fjorårets sogehefte.

Konferansier Harald Johan Sandvik minte dei frammøtte seniorane om at dei framleis kan vera med og støtta prosjektet økonomisk. Anten med giroar som blei lagt ut, eller når dei tippar. Alle kan få lagt inn opplysningar hos tippekommisjonæren sin om at dei vil grasrotandelen skal gå til dette prosjektet. Seniorsenteret stettar nemleg alle krav i så måte.

Kveldens største høgdepunkt, blant mange, var nok «Ferjedirigenten», som for nokre år sidan blei utropt til tidenes revynummer. Og denne gongen i ny versjon. Kveldens konferansier, Harald Johan Sandvik tok på seg HSD-lua si og sa: «Jag har bott vid en landsväg i hela mitt liv». Før han ropte: – Kor er tvillingbroren min?  Og Ole Bergesen entra scenen og utførte revynummeret sitt synkront saman med rollemodellen sin! Til stor åtgaum.

Før matøkta oppe i det nye lokalet stilte Osternes Mannskor opp på balkongen og song «Gryta hennar mor». Og bordverset «Gledens Herre», arrangert for firstemt mannskor av Svein Tørnquist. Før kvelden blei avslutta med kaffi og kaker – og ikkje éin av dei 70 framsette stolane var ledig.

Dette ser ut til å bli kjekt. La oss sitera ein ikkje namngjeven skald: – Pensjonskandidatar i alle aldrar, samein dykk!

Ingressbilete: Med ein ferjedirigent på kvar side kuttar ordførar Wenche Tislevoll trestaven med ei dårleg sag, og kan erklæra seniorsenteret for opna.