Foto: Eirik Svedrup

Fredag 29. november vert det konsert med vokalensemblet mMokkat for seniorar i Fitjar kultur- og idrettsbygg kl. 16.30.

Konserten i kultursalen er i samband med den kulturelle spaserstokken. Fitjar kommune fekk nyleg stønad frå utval for kultur, idrett og regional utvikling(KIRU) i Hordaland fylkeskommune til den kulturelle spaserstokken.

– mMokkat har sunge saman i 12 år. Ensemblet med 8 kvinner har base på øya Stord, fortel kultur- og informasjonssjef i Fitjar kommune Bente Bjelland.

Repertoaret er særdeles variert: renessansetonar, sakral musikk, folketonar, profan samtidsmusikk og romantiske songar.

– Mykje av musikken kjem frå deira eigen komponist Kjersti Follesø. Ho er svært produktiv og berre no dei siste månedene har dei urframførd fleire songar. Totalt har dei urfremført over 20 verker av Follesø, fortel Bjelland.

Bjelland håpar mange tek turen til kultursalen, og opplyser at det vert kaffi og frukt før konserten.

– So her er det berre å vera tidleg ute for litt drøs før flott musikk, avsluttar Bjelland.