Under Bornas misjonsdag i Fitjar kyrkje søndag 15. januar var ei nesten fullsett Fitjar kyrkje med å sende stafettpinnen vidare, på mange måtar.

Med utgangspunkt i preiketeksten henta frå Apostelgjerningane 1,1-8, som unge Lars R. Sæbø leste høgt og klårt, snakka sokneprest Olav Johannes Oma om misjon og det å senda stafettpinnen vidare. Alle fekk vera med på ein liten stafett der forsamlinga vart delt i to lag, eit på «kvinnesida» og eit på «mannssida» i kyrkja. Sjølv om vesle Johannes var den som raskast og stolt kom attende til presten med stafettpinnen, var det ingen vinnarar i denne stafetten, forklarde Olav. Dette skulle ikkje vera ein konkurranse. Stafettpinnane høyrde saman, og inneheldt misjonsbodet som ein kan lesa i Matteus 28,18-20. Forsamlinga hadde levert vidare orda om at Jesus har fått all makt i himmelen og på jorda. Stafettløpet var ei symbolhandling for det å bringa bodskapen om Jesus vidare til dei rundt oss, og endå lenger, slik Jesus gav beskjed om. Det kan ein gjera på fleire ulike måtar.  Ein kan fortelja om Jesus til venner og bekjente.  Det å gje pengar til misjonen er ein annan måte å sende stafettpinnen vidare på. Alle skal ikkje bli prestar og misjonærar, sjølv om kanskje nokon i forsamlinga i dag skal nettopp det, avslutta Olav, før kyrkjelyden var med både å be for misjonen sitt arbeid og å gje misjonen ei god hjelp i form av ein raus kollekt på over 8 600 kroner.

Bornas misjonsdag var tileigna Det norske misjonsselskap sin Sunnhordlandsaksjon, med fokus på barn og unge i slummen i Thailand. Tysdagsklubben i Øvrebygda som er eit samarbeid mellom søndagsskulen, ein barneforeining for Norsk luthersk misjonssamband og ein barneforeining for Det norske misjonsselskap deltok aktivt under gudstenesta. Borna gjekk inn i prosesjon med flagg frå misjonslanda, dei las teksten, tende lys og sa truvedkjenninga, dei presenterte kort misjonsselskapet sitt arbeid og dei var flinke og ivrige forsongarar.

Det var samla over 200 til gudsteneste denne dagen. I tillegg til at misjon stod i fokus vart to små gutar døypt og etter at gudstenesta var ferdig, etter ein knapp time, var det kyrkjekaffi, kyrkjesaft og kjeks, til alle som var om seg.

Bornas misjonsdag var startskotet for Sunnhordlandsaksjonen i Fitjar. I løpet av den neste månaden vil det verta halde misjonsmøte i alle dei fem bedehusa i bygda vår. I Øvrebygda vert det kveldsmøte søndag 22. januar med Anne Marie Røed som talar, 29. januar vert det ettermiddagsmøte i Dåfjorden med kyrkjelydspedagog Silje H. F Fyllingen som andaktshaldar, ettermiddagsmøte på Stranda bedehus med Martin Nygård som talar og tidleg kveldsmøte på Osternes bedehus med Elisabeth Moldestad som andaktshaldar og song av Liljen. Siste møte for Sunnhordlandsaksjonen på Fitjar vert ettermiddagsmøte på Fitjar bedehus søndag 5. februar med andakt av Torunn Aarskog og song av Fitjar barnegospel.

Det er Det norske misjonsselskap som står bak denne misjonsaksjonen, som vert gjennomført i heile Sunnhordland for å spre informasjon om misjon og å samla inn pengar til misjonen sitt arbeid. NMS driv i dag misjonsarbeid både i Europa, Sør-Amerika, Afrika og Asia. I Thailand har NMS 15 misjonærar, som mellom anna jobbar blant dei aller fattigaste i Bangkok, med tiltak retta mot utdanning for barn og unge. Gjennom omsorg, kjærleik, opplæring og skulegang banar dei veg for ei betre framtid for dei fattige. Dette får ein høyra meir om på misjonsmøta og ein får høve til å støtta arbeidet med ei stor eller lita pengegåve.