Nå kan du senda brev og småpakkar fra din eigen postkasse utan å måtta betala ekstra for tenesta. Foto: Petter Sørnæs.

Posten gjer det lettare og billigare å senda brev og småpakkar frå eigen postkasse. Tiltaket er meint som ei handsrekking til alle som er i heimekarantene.

Posten har bestemt at me slepp å betala ekstra for å senda brev og småpakkar frå vår eigen postkasse, kan me lesa i ei pressemelding frå Posten i dag.

Tryggare for dei som er i karantene

Å senda frå eigen postkasse er ei teneste Posten har levert ei tid. Dette har kosta 15 kroner, i tillegg til porto, men no er prisen for å senda heimanfrå den same som om du puttar sendinga i en raud postkasse eller leverer ho i ein Post i Butikk eller på eit postkontor.

– Vi ønskjer å gjera det tryggare for alle å senda brev og småpakker – spesielt for dei som er i karantene. Derfor vil det inntil vidare ikke kosta ekstra å bruka tenesta. Kanskje kan det også vera ekstra hyggeleg å senda eit personleg brev eller ei oppmuntring i desse dagar, seier pressesjef Kenneth Tjønndal Pettersen i Posten.

Franker brevet og legg det i postkassen din

For å senda frå din eigen postkasse bestiller du henting via posten.no. Du frankerer brevet korrekt med vanlege frimerke eller digitalt frimerke. Brevet blir henta dagen eller – eller same dag om det blir lagt i kassen før klokka 07.00. Du får tekstmelding på telefonen når postbodet har henta pakken eller brevet hos deg.

– Dette er ei god og framtidsretta teneste som kan vera ekstra verdifull i desse dagar. Våre postbod ser fram til å hjelpa og plukka opp mange brev og pakkar fra landets postkassar, seier Kenneth Pettersen.

​Les mer om tenesta her.

Levering av post, pakkar og varer går som normalt over heile landet

– Det er krevjande dagar, men vi ser også ei nasjonal mobilisering som gjer at leveransane ut til norske husstandar og kundar i hovudsak går som normalt. Vi gjer alt vi kan for å oppretthalda høg kvalitet på post, pakkar og varer som representerer ein viktig del av den samfunnskritiske infrastrukturen, seier Tone Wille, konsernsjef i Posten Norge.

Flere ønskjer heimlevering av varer

Auka netthandel den siste tida har også ført til at fleire kundar ønskjer varene levert på døra.

– For å begrensa smitterisikoen ved levering av pakke- og varelevering vil Posten og Bring inntil vidare ikkje lenger la mottakar signera på våre PDA-ar. Sjåførene vil registrere leveringa supplert med GPS koordinater, sier Tone Wille.

Ho legg til at Posten følgjer tilrådingane frå dei nasjonale helsetyresmaktene, og har i tillegg sett i verk eigne konsernspesifikke reinhalds- og hygienetiltak på f.eks. terminalar, postmottak, hos sjåførar og ved vareoverlevering.