Lilli-Ann og Per Drønen ønskjer igjen velkomen til Peraløo. Foto: Kjetil Rydland.

Vegarbeidet mellom Vik og Rimbareid førte til at selskapslivet i Peraløo nærmast låg nede, men no er anlegget ferdig, og aktiviteten er i ferd med å ta seg opp att.

Per Drønen fortel at dei ikkje har overteke formelt enno, etter anleggsarbeidet i og rundt tunet i Vik. Det manglar enkelte avklaringar, men Vegvesenet skal koma og måla opp og trekkja nokre grenselinjer først.

Fornøgd med tunet etter anleggsarbeidet

– Eg var spent på korleis det ville bli, vedgår Per Drønen, som ikkje legg skjul på at det såg fælt ut ei stund.

Men no er han fornøgd med resultatet, eller iallfall det aller meste.

– Tunet er eg svært godt fornøgd med, slår Drønen fast. Vegvesenet nytta høvet til å snu hellinga på tunet, slik at det no skrår litt ut mot vegen. I tillegg er det godt drenert, så no er det ingen fare for at vatnet skal renna inn mot huset.

Parkeringsplassen er minst like god som før. Drønen meiner det er plass til litt fleire bilar no enn før. Endå dei har teke vekk eit heilt stykke parkeringsplass ut mot vegen. Reiskapshuset måtte rivast, men no er dei i ferd med å få opp eit nytt, minst like bra som det gamle.

Vegen går like forbi tunet, men trafikkstøyen er ikkje til sjenanse, seier Lilli-Ann Drønen. Den høge, fotte muren mot fylkesveg 545 skjermar godt. Oppå muren har dei fått eit kraftig rekkverk på 1 meter, som òg bidrar til å skjerma for støy. Langs muren har dei fått ein kant som hindrar bilar frå å trilla utfor muren og ned i hovudvegen.

Utkøyrsla er ikkje heilt god

Det er først og fremst éin ting Per Drønen ikkje er heilt fornøgd med, og det er utkøyrsla. Den er trekt litt lenger nord, og der burde det vera betre oversikt enn i den gamle. Men bruna på nordsida er for høg og går for langt ut mot vegen, seier han. Sjølv når han sit høgt på traktoren sin, ser han ikkje godt nok, meiner Per.

Rekkverket og den flotte muren skjermar for trafikkstøy frå fylkesveg 545. Foto: Kjetil Rydland.

Elles hadde han håpt på asfalt på vegen frå utkøyringa inn til tunet. Dei sa på møtet innleiingsvis at alt dei rørte ved, skulle asfalterast, men det har Vegvesenet gått vekk frå, seier Drønen. Han har fått knust asfalt, og det er i alle høve betre enn vanleg grus, då den ikkje ryk. No er det 150 meter lengre veg til den nye utkøyrsla, eit vegstykke som må både brøytast og haldast ved like. Her skulle han gjerne hatt asfalt, slik han blei førespegla.

Gler seg til å ta imot fleire gjester

Men alt i alt er Lilli-Ann og Per Drønen godt fornøgde med tunet slik det har blitt. Under anleggsperioden var det omtrent ingen ting som føregjekk i Peraløo, men no er aktiviteten i ferd med å ta seg opp igjen.

I går kveld hadde Fitjar bygdekvinnelag adventsfest med med 56 påmelde. Enkelte juleavslutningar blir det, og etter kvart blir det både fødselsdagar og bryllaup. Det trivelege ekteparet i Vik ser fram til meir folk i tunet igjen. Som kjent fekk dei Kulturprisen i 2012, same året som Fitjar bygdekvinnelag fekk Frivilligprisen, med Lilli-Ann som leiar!

No ser begge fram til at folk igjen skal finna vegen til Peraløo. Velkomne skal dei vera!

I enden av Peraløo har dei fått ei ny dør og uteplass. Foto: Kjetil Rydland