Frå Open dag på Selevik skule. Arkivfoto: Kjetil Rydland

I går var det open dag på Selevik skule, og skulen blei fylt opp av naboar, foreldre, besteforeldre og andre slektningar som ville vera med og støtta årets TV-aksjon.

Tradisjonen tru slutta bygdefolket godt opp om denne tradisjonelle tilskipinga, der lærarar og elevar ved Selevik skule samlar inn pengar til årets TV-aksjon. I år er det «Mindre alene sammen» ved Kirkens Bymisjon som får inntekta frå aksjonen, som går av stabelen i NRK søndag 21. oktober.

Lynlotteri med mange premiar.

Folk frå krinsen kom med ymse varer til loppemarknaden, og gevinstar til den store utloddinga. Under heile arrangementet heldt elevane open kafé, der det blei selt saft, kaffi og kaker i alle fasongar. Oppmøtet var godt, og det såg ut som om dei besøkande kosa seg.

Det mangla ikkje på engasjement, verken frå store eller små, og det kom inn kr 6787 til årets TV-aksjon. Lærarar og elevar ved skulen ynskjer å takka alle foreldra for god hjelp til å gjennomføra Open dag. – Utan Dykk hadde me ikkje fått det til!

Aktive elevar under Open dag.
Kassalappen til 3. og 4. klasse på loppemarknaden vart over 6 meter lang!

Dei som kom på Open dag,  fekk høyra elevane syngja, og sjå dei dansa BlimE-dansen. Og to elevar i 4. klasse hadde laga ein song som handla om å ikkje leggja ned skulen – med melodi til songen «Stopp – ikkje mobb!».

Stopp – ikkje mobb skulen vår!

Stopp ikkje mobb – med nye vers laga av Maya og Elise i 4. klasse

Stopp – ikkje mobb! Dette her er faktisk skulen vår.
Ikkje finn på noko tull, skulen vår er god som gull.
No vil eg bare sei i frå:
Ein for alle, alle for skulen. Så no vil eg slå fast svart på kvitt: her er skule-plaging fritt!

Ingen liker å plage skulen vår.
Me trenger alle ein skule.
Å visa empati – kan vere veldig lett, men eg vil vere den som redder skulen vår igjen.
Så derfor seier eg:
Stopp – ikkje mobb! Dette her er faktisk skulen vår.
Ikkje finn på noko tull, skulen vår er god som gull.
No vil eg bare sei i frå:
Ein for alle – alle for skulen. Så no vil eg slå fast svart på kvitt: her er skule-plaging fritt!

Gjer mot skulen det du vil at dei skal gjera mot de. Ja, det er ein god regel synes eg.
Derfor seier eg:
Stopp – ikkje mobb! Dette her er faktisk skulen vår.
Ikkje finn på noko tull, skulen vår er god som gull.
No vil eg bare sei i frå. Ein for alle – alle for skulen. No vil eg slå fast svart på kvitt:
Her er skule-plaging fritt.
Her er skule-plaging fritt.
Her er skule-plaging fritt.

STOPP!