17. mai-stemning blant elevane på Selevik skule i dag.

I dag er det 15. mai, men Selevik skule har teke nasjonaldagen på forskot og nytta heile fredagen til å feira 17. mai.

– Sidan det vert ei annleis 17. mai-feiring i år, tenkte me at me ville ha ei 17. mai-feiring på skulen med elevane, seier rektor Elisabeth Kjærland ved Selevik skule.

Sekkeløp høyrer med på 17. mai.

Derfor hadde dei 17. mai heile dagen i dag, to dagar på forskot. Først laga elevane laga 17. mai-flagg og annan pynt til nasjonaldagen.

Så gjekk alle elevane i tog og song «Ja, vi elsker» og «Norge i raudt, kvitt og blått». Og dansa «Til Dovre faller»-dansen ute.

I kiosken til Gunnbjørg fekk alle pølse i brød, og etter friminuttet blei det fleire 17. mai-prega leikestasjonar ute, blant anna bowling, potetløp, sekkeløp og slå spiker-konkurranse.

– Det var veldig kjekt! avsluttar rektor Elisabeth Kjærland, som ynskjer alle ein fin 17. mai!

Alle fekk servering i kiosken til Gunnbjørg.