Selevik-elevane underheld forsamlinga med aksjonssongar. Foto: Kjetil Rydland.

Elevar og lærarar på Selevik skule har brukt eit par veker på arbeid for årets innsamlingsaksjon til hjelpeorganisasjonen Care, og nesten  9000 kroner greidde dei å samla inn.

I går var det open dag på Selevik skule, og skulen blei fylt opp av naboar, foreldre, besteforeldre og andre slektningar. Her fekk folk sjå kva elevane har arbeidd med i det siste, for å gi si støtte til årets TV-innsamling, som har slagordet «No er det hennar tur».

Lærar Heidi Haugland ved kassaapparatet sman med Sverre V. Helland, Elise Helland og Olaf Danowski. Foto: Kjetil Rydland.

I staden for vanlege fag har elevane brukt mykje av skuletida til å produsera varer som skulle seljast til inntekt for TV-aksjonen. Her kunne folk kjøpa fuglemat, armband, nøklehankar og mykje anna.

Folk frå krinsen kom med ymse varer til loppemarknaden, og det var ein og annan godbiten å få kjøpt til ein billig penge. Gevinstar til den store utloddinga hadde òg folk kome til skulen med. Under heile arrangementet heldt elevane open kafe, der det blei selt mat, saft og kaffi. Elevane hadde bakt pizzasnurrar og kjeks, og velvillige foreldre hadde kome med kaker i ulike fasongar.

Dagen derpå er stemninga på Selevik skule framleis til å ta og føla på:

– Både elevane og personalet er trøytte, men fornøgde likevel! smiler rektor Elisabeth Kjærland.

Ho legg til at ho er vel fornøgd med gjennomføringa. Elevane engasjerte seg, og var veldig flinke i går, synest ho. Blimedansen og songen var bra; det var god lyd i dei 23 elevane som stilte opp, meiner ho.

Som ein kuriositet nemner rektor at kassaapparatet produserte ein kassalapp på heile 8,13 meter under gårsdagens loppemarkand. Dette er nesten 2 meter lenger enn rekorden frå i fjor. Kassaapparatet har dei fått frå ei mor ved skulen, og fungerer perfekt!

- Annonse -

Alle 8942 kronene gjekk altså til årets innsamlingsaksjon, som går av stabelen søndag 20. oktober.

Elevane Gerrard S. Myhre og Hallvard Ø. Skartland fortel kva pengane skal gå til. Foto: Kjetil Rydland.

Aksjonsmidlane
Pengane frå årets innsamlingsaksjon går til CARE sitt arbeid i ni land: Niger, Mali, Den demokratiske republikken Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afghanistan, Jordan og Palestina.

CARE er ein global bistandsorganisasjon som jobbar for å berga liv, bekjempa fattigdom og oppnå sosial rettferd. Her kan du lesa meir om Care og TV-aksjonen 2019.

Åge Saue og kona Evy hadde teke turen frå meir sentrale strøk på Stord for å støtta arbeidet til familiemedlemmer frå Selevik-krinsen. Foto: Kjetil Rydland.
Holger Peitisch klarer ikkje å sjå at det er 87 sjokoladar i glaset. Foto: Kjetil Rydland.
Sååå lang var kassalappen! Foto: Heidi Haugland.
Liene Tolka sikra seg svært billige skeiser og tilhøyrande hjelm. Foto: Kjetil Rydland.