Musikantane i Fitjar skulekorps er no på veg frå dør til dør for å gje bygdefolket høve til å støtta korpset ved å kjøpa årets adventskalender.

Kalendrane kostar 100,- per stykk og alle kalendrane har eit unikt nummer oppe i høgre hjørne av kalenderen. Det skjer trekking kvar dag frå 1. desember til 24. desember og vinnarnummera vert offentleggjort her på Fitjarposten og i Sunnhordland. Nytt av året er at det nokre av dagane vert trekt to vinnarnummer. Premiane består av flotte ting som saueskinn, diverse gåvekort, fenalår, brannslokkingsapparat, stylingprodukt og mykje anna. Den største tingen vert trekt på julafta og er ei hovudsølje til damebunad til ein verdi av ca. 2000,- . Alle gevinstane er gjevne av ulike bedrifter, og økonominemnda i korpset, med Kari K. Prestbø i spissen, er svært takksame for den støtta dei får både frå det lokale næringslivet og andre. 

Dei som er heldige vinnarar av ein av dei 31 premiane må ta med seg kalenderen og henta gevinsten i kundetorget på Rådhuset innan 7. januar 2013.  Dei som har problem med dette kan ta kontakt med Prestbø på telefon 414 02 845.

Marion og dei andre musikantane i korpset er allereie godt i gang med kalendersalet. Dei synes det er kjekt i  korpset og bidreg gjerne på denne måten for å skaffa pengar til korpskassa. Når dei ringjer på dørane i nabolaget gjer dei det med eit smil og håpar dei som opnar tek godt imot dei, anten dei vil støtta korpset ved å kjøpa ein kalender eller ikkje.

Skulle du vera uheldig å ikkje få besøk av ein blid, kalenderseljande musikant, kan du kjøpa kalendrar hos Joker på Rydland, Cafe Annemor, Hårloftet og Thea Træet frå og med veke 45. Det vert og loddsal og sal av kalendrar utanfor Spar 15,. 28. og 29. november.

Fitjar skulekorps, som i desse dagar øver intenst til korpskonkurransen Sotrafestivalen, takkar alle som er positive og støttar opp om korpsarbeidet.