Hotelldirektør Ronald Hareide på Fitjar Fjordhotell er blant fleire som Atheno rår til at får tilskot frå den kommunale kompensasjonsordninga. Foto: Håkon C. Hartvedt/Fitjarposten

Fitjar kommune skal dele ut 250 000 kroner til lokale verksemder. Atheno rår til at alle søkjarane får ein del av potten.

Atheno har på vegner av Fitjar kommune sakshandsama søknadane som har kome inn i samband med kommunal kompensasjonsordning 2.

Det har kome inn seks søknadar, der éin av desse, Fitjarposten sin eigen søknad, gjeld kompensasjonsordning 1, der kommunen stod att med 34 528 kroner i restmidlar.

Avisa vart indirekta ramma av koronapandemien ved at mange av annonsørane måtte stengje eller redusere drifta i fjor, noko som førte til at selskapet mista annonseinntekter.

– Fitjar har i sine kriterier for midlane sagt at verksemder innan hotell- og servering, kultur og media skal prioriterast. Atheno meiner at søknaden bør støttast og at Fitjar kommune bør nytta restmidlane på kroner 34 528 frå den første kompensasjonsordninga, skriv Atheno i innstillinga si.

Hotellet tapte 1,4 millionar kroner

Dei fem andre verksemdene som har søkt om tilskot gjennom kompensasjonsordning 2 er Fitjar Kultur og Idrettsbygg AS, Fitjar Fjordhotel, Kråko Kafedrift, Fitjar Fjordhotel/Sommarrevyen Fitjar, Kråko Gjestetun AS.

Førstnemnte søkjer om tilskot til å dekkje noko av dei tapte inntektene frå kino og arrangement i 2021, medan hotellet i søknaden sin viser til eit omsetnadstap på 1 396 000 kroner dei fire første månadane i 2021, samanlikna med same periode i 2019.

Dei har hatt pålagt redusert skjenketid i store delar av året, og har i tillegg måtta halde stengt. Hotellet har frå før motteke i underkant av éin million kroner frå både kommunalt næringsfond og kompensasjonsordningar både i år og i fjor.

Kråko Gjestetun har hatt eit omsetnadstap på nesten 900 000 kroner så langt i 2021. Foto: Ingrid Hovstad

Vil innvilge begge søknadane frå hotellet

I denne søknadsrunden har hotellet levert to søknadar – ein for hotelldrifta og ein for Sommarrevyen som dei har ansvar for. Denne måtte avlysast i fjor og blir i år gjennomført med mindre kapasitet. Hotellet skal ha tapt 500 000 kroner i billettinntekter.

– Atheno har vurdert om det er rett å gje fjordhotellet støtte to gonger i same ordning. Ettersom det er fjordhotellet som har ansvar for Sommarrevyen med alt det inneber av kostnadar og inntekter meiner Atheno at fjordhotellet bør få støtte som dekker noko av dei tapte inntektene til Fitjarrevyen.

Gjestetunet med tap på nær 900 000

Også for Kråko Kafedrift og Kråko Gjestetun har dei reduserte skjenketidene, samt eteplikt ført til omsetnadstap. Begge mottok 50 000 kroner frå den første kompensasjonsordninga i år, men har falle utanfor dei nasjonale ordningane, i likskap med Fitjar Kultur og Idrettsbygg.

Gjestetunet har opplyst om eit omsetnadstap på 886 242 kroner fram til no i 2021, samanlikna med same periode i 2019.

– Atheno rår til at alle søkjarane får midlar gjennom ordningane, sluttar Atheno, som meiner fordelinga skal vere lik – 50 000 kroner til kvar.