Fitjar Shotokan Karateklubb hadde 5 juniorar med på JKA sin juniorcup i Lurahallen i Sandnes, søndag 25.oktober. Resultatet vart seks medaljar. Biletet: F.v. Katarina Maraas, Leander Helland, Alexandra Maraas, Linnea Nordbustad og Viktoria Maraas.

 – Alle deltakarane gjorde ein kjempeinnsats, og resultata vart  altså svært bra.

Alexandra  slo til med sølv i kata og sølv i kumite. Leander fekk bronse i kata og bronse i kumite, og  Linnea sølv i kata og bronse i kumite, skriv Hans Christian Helland til fitjarposten.no.