Dei siste 10 dagane har det vore seks basarar i Fitjar. Det vitnar om stor basarglede.

Me kunne kanskje like godt ha skrive gjevarglede. For sjølv om basar er både sosialt, spennande og kjekt er det å støtte ei god sak like viktig for dei fleste. Bak kvar basar ligg det òg ein kjempedugnad. Og det er all grunn til å vere imponert over fitjarbuen, også i denne samanhengen.

FItjarposten har henta inn resultata frå dei ymse basarane, og resultata er beint fram imponerande.

Her er lista:

Tysdagsklubben i Øvrebygda sin basar til inntekt for Bornas Misjonsprosjekt i Japan: kr 20.000,-

Normisjons sin basar på Osternes bedehus: kr 19 000,-

Basar på Havnahuset for trivselstiltak for psykisk utviklingshemma: kr 30 000,-

Basar på Fitjar bu- og behandlingssenter for trivselstiltak for bebuarane: kr 70 000,-

Basar på Fitjar vgs til inntekt for barn og eldre i Bobrinetz i Ukraina: kr 33 000,-

Basar i Øvrebygda til inntekt for Øvrebygda bedehus: kr. 30 000,-

I alt kr. 202 000,- . Er det rart me er imponert?