Også i kveld blei det tap for flaggskipet til Fitjar-fotballen, då A-laget tapte 0-3 for Frøya i Bergen.

Vårløysinga lèt venta på seg for hardt prøvde A-lagsspelarar, som i kveld gjekk på sitt fjerde strake tap i årets 4. divisjon.

Trenar Kjell Træet fortel at laget hans tapte fortent mot eit betre lag. – Me stod bra imot i første omgang, seier Kjell, sjølv om me var tafatte framover på banen. Takka vere god kjemping og godt keeperspel av keeper Oddgeir Træet kunne laget hans gå til pause med 0-0.

Men etter at Frøya scora 17 minutt ute i andre omgang, var det divisjonsforskjell på laga, erkjenner Fitjar-trenaren. Det første målet kom på eit frispark frå langt hald; ballen gjekk i mål bak eit passivt Fitjar-forsvar. Det neste målet kom knappe fem minutt før slutt etter at ei tversoverpasning blei snappa opp av Frøya. Med endå ei scoring to minutt seinare blei det stygge siffer for Fitjar, som enno har til gode å kapra poeng i årets serie.

Denne gongen var Roger Almås tilbake på laget, men ei svale gjer som kjent verken vår eller sommar. Med ein skadd Helge Træet på sidelinja og Emil Fitjar på russetur viste det seg på nytt at spelarstallen til Fitjar er i tynnaste laget. Thomas Vestbøstad Waage blir som kjent ute resten av vårsesongen, og det gjorde ikkje saka betre at Jan Åge Tislevoll måtte gå ut med ein kneskade etter 20 minutt i dagens kamp.

Som kjent har Fitjar ein god førsteeellevar, men er svært sårbare for skadar. Og det ser ut til å bli ei god stund til Kjell kan møstra alle sine beste menn. Neste sjanse til poeng i årets 4. divisjon blir heime mot Sund torsdag 14. mai. Avstanden opp til dei andre laga i botnen er ikkje avskrekkande, men det begynner etter kvart å hasta med å sanka poeng.

Fitjar stilte med dette laget:
Oddgeir Ræet, Leif André Tangen (Johannes Myhre 86.), Roger Almås, Sander Tverborgvik, André «Mini» Helland, Øyvind Fykse Lie, Kjell André Thorland, Torbjørn Korsvik (Mats Westvik 77.), Jonas Tislevoll (Adrian Mehammer 65.), Mats Brakedal, Jan Åge Tislevoll (Badi Hurasi 20.)