Ein kjølig og våt føresommar gav seinare slått enn på mange år, men grasavlinga blei bra, etter det me forstår på fitjarbøndene.

For 50 år sidan var det vanleg å starta siloslåtten rundt jonsok, men dei siste tiåra har vekstsesongen for graset gradvis blitt lengre. Derfor har det blitt vanleg i Fitjar at bøndene er meir eller mindre ferdige med førsteslåtten i byrjinga av juni. Slik var det ikkje i år – langt ute i mai lurte me på kva det ville bli til. Graset såg ikkje ut til å veksa, og i tillegg var vêret så vått at bakkane var altfor blaute.


Det var så vidt myrane på Rydland tolte finsnittaren. Foto: Kjetil Rydland.

Midt i juni fekk bøndene i Nedbygda mesteparten av slåtten unna, medan storfebøndene i Øvrebygda måtte venta nesten til jonsok før dei våga seg ut på bøane. Dei har mange våte myrar, og finsnittaren som dei bruker krev fastare grunn under beina enn ein vanleg fôrhaustar, I tillegg legg dei graset i ein stor plansilo som det ikkje er praktisk å stoppa halvvegs med å fylla i – har dei først kome i gang med slåtten, er det best å fullføra utan stans.


Men «heile folket i arbeid» gjeklk det fort å fylla eine halvdelen av plansiloen. Foto: Kjetil Rydland.

På dei mest utrygge myrane måtte dei bruka forhaustar. Men arbeidet gjekk unna som ein vind då det endeleg kom i gang. Med to forhaustarar og to finsnittarar slo dei rundt 400 mål gras på ein blunk, og det blei ikkje plass til alt i plansiloen. Derfor blei det lagt over 100 «traktoregg» rundt om i Øvrebygda.

Dermed blei det rekordstor grasavling for storfebøndene, og feet kan sjå framtida lyst i møte. Men tredjeslått blir det neppe i år, seier Gaute Aarbø. Om det spelar så stor rolle, er ikkje sikkert. Dersom du ikkje slår graset om hausten, samlar det seg meir opplagsnæring i jorda, noko som du får igjen i slåtten til neste år.