Ein seglbåt med for høg mast kutta i 16-tida i dag straumkabelen som går i luftspenn mellom Svelto og Kalvaneset utanfor Fitjar.

Kabelen hamna i sjøen, men utan at det vart skade på mannskap eller båt.

Straumkundar i området vart utan straum inntil Fitjar Kraftlag fekk reparert feilen.

-Båtføraren som var åleine i båten, såg ikkje skiltet med høgdeavgrensing, opplyser operasjonsleiar Agnar Austerheim ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.