Mykje godt spel og idrettsglede under kveldens treningskamp mellom Fitjar G1999 og G2000.

Fredag kveld fekk me sjå ein fin treningskamp på kunstgraset. Gutar 1999 stilte mot gutar 2000 til trening i 11-arfotball. Hittil har desse gutane måtta nøya seg med 7-arfotball, men til neste år får dei nok ta heile banen i bruk.

Første omgang blei jamn, med mange sjansar til begge lag, og ved pause stod det 1-1. Etter pausen overtok dei eldste etter kvart meir og meir, og sikra seg til slutt ein klar 4-1-siger. Lagleiar for dei yngste, Willfred Waage, var fornøgd med første omgang. Men han måtte vedgå at 2000-gutane blei utspelte på slutten av andre omgang. Utan at det såg ut til å ta lysta frå verken spelarar eller lagleiarar.