Berre eit døgn gamle er svaneungane på biletet. Stygge, nei, nydelege, synest me då me fotograferte dei ved Vestvik på Stranda, sist søndag.

– Eg har budd her i 40 år, men aldri har eg sett svanepar nedi vika her før i haust. Då kom dei to som du ser på biletet. Dei fekk mat hos meg, og det gav meirsmak.

Om eg, etter ei tid, kom seinare ned til sjøen enn kl. 07.00 om morgonen, kom gassen opp til grinda mi og kjefta.

Ho-svana var noko tammare. Ho henta brød frå handa mi, men dyppa alltid brødbiten i sjøen for ho åt han, fortel Normann Pedersen til fitjarposten.no.

Laurdag skjedde så det flotte som Pedersen hadde venta på, men ikkje var heilt sikker på kom til å skje. Då vart det svanefødslar. Dei to små som du ser ovanfor kom til verda.

– Det var fantastisk, og eg er litt stolt over å få ha vore med på dette, sjølv om eg eigentleg ikkje hadde noko med det å gjere, smiler Normann Pedersen, til slutt.