Sist laurdag var bønder frå Tveita og Rydland til fjells og sanka sauer, får Fitjarposten opplyst.

Det er nok ikkje så mange dyr i fjellet som før, men Inge Tufteland, Karl André Rydland og Harald Rydland har hatt ein god del sauer gåande i Klovskarfjellet og området litt lenger aust i Fitjarfjellet.

Laurdag som var gjekk dei inn og fann knapt 130 sauer i området ved Småtjødnane, Litlasåto, Kongsskogbrunene og Klovskarheiane. Etter kvart som dei fekk dyra samla, rekte dei utover Klovskarfjellet og ned til samlingsplassen, smalatøkjet rett ovanfor Tveitakleiv. Så blei dyra sorterte i to flokkar; Tveita-sauene følgde traktovegen ned til Dalshaugane, medan resten tok vegen over Orrhaugane og Slettebrekko ned til Fjellheim.

Framleis manglar etter måten mange sauer, blant dei urovekkjande mange lam. Førstkommande laurdag ber det til fjells att for å finna så mange som mogeleg av desse.