Over ferista ved Olstjødno er det trekt eit nettinggjerde for å hindra heimekjære sauer i å gå over.

Dette er ei mellombels løysing, seier leiar i Fitjar fjellsameige, Harald Rydland. Meininga var at ferista i vegen eit stykke vest for Olstjødno, og gjerdet som strekkjer seg i begge retningar, skulle hindra sauene i å gå heim. 

Midtfjellet Vindkraft har kosta både gjerde og ferist for å leggja forholda til rette for dei som vil nytta området i vindmølleparken til sauebeite. Men no viser det seg altså at det ikkje var godt nok.

Gong på gong har sauer blitt funne nede i låglandet på Rimbareid. Trass i gjentekne forsøk på å køyra dei til fjells att, har dei gjenstridige, heimekjære sauene nekta å bli i fjellet. 

Stor var undringa for pensjonert sauebonde Lars J. Rydland då det gjekk opp for han at sauene hadde gått rett over ferista. Truleg er avstanden mellom røyra for liten, slik at sauene ikke lar seg skremma. Derfor har det blitt trekt eit nettinggjerde over ferista. 

Men no har dagleg leiar Erik Mortensen i Midtfjellet Vindkraft lova å skifta ut eller justera ferista, seier Harald Rydland. Dermed føler han seg trygg på at problemet vil bli løyst. – Ferister fungerer jo alle andre stader i landet!

Det kan ta litt tid før ferista er ordna, og derfor må folk bruka grind når dei passerer. Det er grind både for køyrande og for syklande og gåande. Harald Rydland oppmodar folk om å lukka grinda etter seg. 

Framsidebilete: Sauene let seg ikkje stoppa av denne ferista. Foto: Kjetil Rydland.