Foto: FP-arkiv/KR.

27.mars vender den populære stolpejakta attende, og nytt av året er at det vert stolpar i Kråko.

Stolpejakt har blitt svært populært i Fitjar på nokre få år, og i fjor vart det registrert over 43.000 besøk på stolpane i Fitjar. Då har ein ikkje rekna med besøka dei ekstra vinter-stolpane fekk.

Frå 27.mars startar årets sesong, med stolpar i «sentrum» og i Kråko.

– I første omgang blir det 40 stolpar på Fitjar-kartet og 15 stolpar i Kråko, melder Stolpejakten Fitjar på facebook.

Litt seinare på året, nærare bestemt 24.april, kjem det ogso stolpar i Midtfjellet.

– I tillegg vil me tilby eit betalingskart med start frå Dalshaugane frå same dato. Her legg me opp til ein runde på ca 8 km, der løypa går forbi den nye dagsturhytta «Tveitaslottet» som snart kjem på plass, vidare opp til Klovskarvatnet, over til Botnavatnet og ned igjen til parkeringsplassen på Dalshaugane.

Stolpejakt-gjengen håpar at mange vil få fine stolpejakt-turar i Fitjar i 2021