70 påmeldte i Fitjar kommune til no. Foto: Ingrid Hovstad

Fitjar kommune oppmoda alle sine tilsette til å vera med på «sykle til jobben» aksjonen.

Initiativtakar Randi Karin Habbestad, teknisk sjef i kommune, og ordførar Wenche Tislevoll markerte aksjonen i dag. Dei delte ut bananar, smoothies, bufferar, refleksar og pennar til deltakarar i aksjonen.

Til no har rundt 70 av dei tilsette i kommunen meldt seg på aksjonen, men det er ikkje for seint enno.

Kjekt å sjå at alle nytta hjelm. Foto: Ingrid Hovstad

– Me kan jo håpa på 100, seier Tislevoll, som fortel at det er første gongen Fitjar kommune er med på aksjonen.

– Det er veldig enkelt å vera med på aksjonen, og det er positivt for både folkehelsa og miljøet, fortel Randi Karin Habbestad.

Les meir om aksjonen: Oppmodar til å velja sykkelen

Habbestad informerte fleire tilsette som kom med bil at ein kan vera med på aksjonen sjølv om ein kanskje må køyra bil til jobb grunna avstand, levering av ungar i barnehage, osb.

– Ein får poeng for 30 min med aktivitet, so ein kan føra opp trening eller turar på kveldstid.

- Annonse -

– 30 minutt? Men eg bruka jo berre eit par minutt på å sykla til jobb, seier ei som kjem forbi for ein banan og effektar.

Habbestad kunne trygt fortelja ho at ein får poeng for å la bilen stå til jobb, uansett avstand. Same gjeld til dømes å gå over å køyra til butikken.

God stemning rundt standen. Foto: Ingrid Hovstad

Rundt 40 personar var innom standen til dei to damene. Fleire stoppa opp for ein liten morgonsamtale, og stemninga var god.

Ordførar Wenche Tislevoll hadde sjølv sykla til jobb for dagen.

– Turen frå Koløyo var null problem med elsykkel. Eg hadde lova meg sjølv at eg skulle sykla meir til jobb etter at eg kjøpte den, men det er litt for lett å ta bilen. «Sykle til jobben» aksjonen får fram konkurranseinstinktet i meg, so det vert nok litt fleire sykkelturar no i aksjonstida, ler ordføraren.