Mariann Vestbøstad Marthinsen driv toppidrett både i ski og symjing samstundes. I helga vart det to gull og tre sølv i den sistnemnde greina under Nordsjøstevnet i Stavanger.

– Sidan eg har vektlagt dei to idrettane like mykje, er talet på timar i bassenget blitt litt mindre enn talet på treningstimar fram mot Beijing. Derfor var eg litt spent på korleis denne treningsmengda i bassenget ville slå ut i det internasjonale Nordsjøstevnet i Stavanger i helga, fortel Mariann, og fortset:

– Det beste resultatet gjorde eg på 100 rygg. Der symde eg på 1.20.67. Det er den 4. beste tida eg har prestert på  kortbane. 100 fri var òg brukande. 1.16.16  er i følgje arkivet mitt den 7. beste tida eg har gjort i denne øvinga, smiler Mariann.

Samla sett fekk ho altså to gull (100m og 50m rygg) og tre sølv (50m og 100m fri og 50m butterfly). Her vart ho slått av Stavanger-jenta Sarah Louise Rung, som gjorde det veldig bra på heimebane. Ho sette mellom anna verdsrekord på 100 bryst.

Totalt sett er Mariann glad for resultata på Nordsjøstevnet.

– I forhold til symjegrunnlaget eg har per i dag, er eg godt fornøgd med resultat i helga. No kan eg slappe av med tanken på at eg ligg i god rute fram mot Paralympics i London neste år.

Først startar vintersesongen, og Mariann skal delta i fire verdscuprenn i tida frå desember til mars.

– Frå april blir det full fokus på symjing igjen. Då startar eg førebuingane mot Paralympics i London, som startar i slutten av august. Men no gled eg meg først og fremst til å kunne sette meg på kjelken og ta fatt på langrennspigginga, seier Mariann til slutt.