Dette var kjensla Fitjarposten sin utsende sat med under konserten med koret Corona i Fitjar kyrkje sundag 20. januar.

Med berre 50 tilhøyrarar kunne me ha kalla det ein intimkonsert viss salen hadde vore mindre. Men det merkelege var at dei rørande vakre songane, med dei mjuke og sarte klangane, fekk i alle høve meg til å gløyma det fysiske rommet rundt meg; det var berre Corona, songen og meg! Og så fekk me i tillegg både glimrande orgelsolo og korakkompagnement av Bjarte Aadland. Seinare vakkert fløytespel; først Ane Agdestein solo, og så i samspel med Fredrik Horn i «Concertino, opus 107 av Cecile Chaminade.

Kva meir kan eg seia….? Jo, eg kan spørja meg sjølv, og kanskje koret: Kva tenkte dei då dei valde diktet «Is-soleia» av Olav H. Hauge med musikk av Odd Johan Overøie? Ein ting er at det er så utruleg vakkert songleg, men så er det innhaldet, som ein òg bør prøva å få med seg når ein høyrer korsong, sjølv om det ikkje alltid er så lett. Slik var denne vakre teksten:

Is-soleia

I bredegrus,i aur og stein
Du stod so lysande og skein.
Ei dronning der i is og snjo
med drivkvit krune, glans og glo.

Di grøne kåpe fall um fot
og blenkte meg så bjart imot.
med fagert lauv i tagg og tonn
du nikka ved den kvite fonn

Men attanfor den gråe urd
reis breden som ein blågrøn mur
Ei iskald elv frå juklen rann
og faret ned til vatnet fann

Det var so aud og kald ei verd.
Kor kunde du vel leva her ?
Det bles so bitande ein vind
frå Kyrkjedør og Helvit-tind.

Du høyrer heime i ein heim
som alltid framand vert for deim
som ikkje livd for liv kan sjå
utan i si eiga krå.

Me kom til konserten med ferske og sterke inntrykk frå dramatiske bilete og skildringar frå ei uroleg verd, og blei i songen minna om at det vakre og skjøre livet likevel lever, om det er truga på mange kantar. Karvel Strømme

Bilete A: Fløytist Ane Agdestein og pianist Fredrik Horn, smilande etter avslutta konsert-innslag. Bilete B: Corona og solistar m.m. Frå v. Fredrik Horn, (klaver), Ane Agdestein, (fløyte), Bjarte Aadland, (orgel),Synnøve Tollås, (dirigent). Dei er lukkelege! Konserten er slutt, og dei har allereie fått mykje ros.