Dei fleste i Fitjar er nok no kjende  med at Karl Gloppen døydde i går. På søndag vert det likevel sendt eit program med han på nrk1.

-I samsvar med familien sine ønskje lar me  Sangtime-programmet, med Karl Gloppen som gjest,  gå som planlagt. Me er samde om at dette kan vera eit fint minne om den store kulturpersonlegdomen som Gloppen var, seier programleiar for Sangtimen, Nils Abrahamsen, til fitjarposten.no -Me opplyser sjølvsagt i samband med innslaget at Gloppen no er død, legg han til.

Programmet, som vart teke opp for ei tid tilbake, vert sendt søndag mellom kl. 08:07 og 09.00 på nrk1. Her vel Karl songar ut i frå temaet: Stjernehimmelen i ord og tonar.