Ein innbydande, ny sandvolleybane med nett og det heile, står no klar til bruk i Breiavikjo.

Etter å ha vore ute og sett på herlegdomen, kan me lova at sanden er mjuk og deilig, og banen er i tillegg merka med blått band, slik det skal vera. Så då er det berre å ta med seg ball og få seg gratis trim.

Slik vêret var i dag var heile Breiavikjo særs innbydande. Hadde det vore litt varmare i vatnet, hadde me nok hoppa uti. Men gradetalet må nok bortimot doblast før me gjer alvor av det. Likevel er det sikkert dei som er tøffe nok til å prøva.

Uansett: Slik Breiavikjo no står fram er det berre å gle seg til solrike dagar på dette flotte friluftsområdet i kommunen vår. Og Friluftsrådet Vest skal ha stor takk for utbetringa.