Det er stadig god aktivitet på Fitjar Mekaniske Verksted, og det kan føra til ein del støy i ei veke framover.

Det er logistikksjef Stein Gunnar Halleråker ved FMV som melder dette i dag.

Det vil bli sandblåsingsaktivitet på Fitjar Mekaniske Verksted i neste veke, måndag, tysdag og onsdag. Arbeidet vil pågå i tidsrommet kl. 07.00 til 18.00 desse tre dagane.

– Dette er på nybygget 40 «OV Ryvingen» og på vårt nybygg 239 til Marinus Aqua Service AS, melder Halleråker.

«OV Ryvingen» ligg ved hovudkaien og bygg 239 står i malarteltet på vestsida av verftsanlegget.

– Det vil nok i periodar verta noko støy når dette pågår, me håper på forståing for dette! skriv Stein Gunnar Halleråker ved Fitjar Mekaniske Verksted.

- Annonse -