Sandblåsing kan føra til støy denne helga, får me opplyst frå Fitjar Mekaniske Verksted.

Fitjar Mekaniske Verksted skal i første del av helga sandblåsa arbeidsbåten til «Seadive». Dette kan føra til noko støy for naboane, fortel Stein Gunnar Halleråker ved FMV, Båten er 100 %  «kledd inn», og dei vil gjera det dei kan for at det skal bli minst mogleg støy for dei som bur nærmast verftet, lovar Halleråker.

Arbeidet vil ta til fredag føremiddag, og dei reknar med å bli ferdige ein gong utpå laurdagen.