God song, både frå podiet og salen, samt gode kaker og mykje god barnelyd prega samlingsfesten på Fitjar bedehus søndag ettermiddag.

Rundt 140 stykke benka seg rundt festpynta bord på bedehuset i ettermiddag, då indremisjonen inviterte til samlingsfest for å markera at no er ferien over og eit nytt aktivitetsår tek til.

Det var flott song av damegruppa Praise Him, og eit dyktig band med flotte forsongarar var med å løfta allsongen.

Marit Hårklau Ådnanes, frå indremisjonen, hadde andakt om å vandra vidare med Jesus. Ho snakka om såmannen og om såkornet som fell i ulik jord.

Kakebordet var ein fest verdig, til stor glede for forsamlinga. Noko anna som skapte glede var all barnelyden. Svært mange barnefamiliar hadde funne vegen til festen, og friska opp mellom dei som var grå og tynne i håret. For å engasjera dei unge var det ein eigen leik for dei, ein beat for beat-konkurranse der dei som kunne, og kom på, songen fekk synga i mikrofon. Ein kjekk og engasjerande konkurranse.

Det var og kort presentasjon av litt av alle aktivitetane som kjem til å skje på bedehuset utover hausten. Meir om dette kan ein finna på heimesida til Fitjar bedehus. Det heile vart avslutta med eit vitnesbyrd der det vart trekt fram at det er viktig å ikkje sjå på alt ein ikkje kan men finna sinn plass ved å vera villig til å ta på seg oppgåver og å gå inn i tenester.