Under den siste temakvelden i Fitjar kyrkje før somaren, løfta Sanctus og Arnt Johan Vistnes nokre av dei mindre kjente salmane i den nye salmeboka opp og fram.

 

Rundt 50 menneske tok torsdag kveld vegen til Fitjar kyrkje, for å lytta til ord og tonar, knytt til den nye salmeboka.

Sjølv om alle salmane var sungne gjennom på fjernsynet, var det meir å henta fleire stader. Og dei som spanderte kvelden, fekk oppleva korleis sokneprest i Nysæter, Arnt Johan Vistnes, gjennom måleri av ulike meistrar og forteljingar frå Bibelen, knytte livet her og no saman med desse bileta og salmane. Vistnes kunne opplysa at dette var tredje gongen dei brukte dette interessante grepet til å tilnærme seg den relativt nye salmeboka i kyrkja.

 

Denne reisa utanfor dei mest opptrakka stiane i salmeboka, viste spennet salmeboka har. I løpet av dei 20 songane fekk ein ein smakebit av dette spennet, frå djupaste fortviling til høgaste lovsong. Alt støtta opp av koret Sanctus.

 

Sokneprest Arnt Johan Vistnes aktualiserte og førte saman forteljingar frå Bibelen, salmar og klassiske måleri på ein fin måte under temakvelden torsdag kveld. Foto: Arne Vestbøstad