Takk for støtta til Fitjarfestivalen. No ynskjer me å samla sponsorar og dugnadsfolket for ei oppsummering, fredag 31. august i Fitjar kultur- og idrettsbygg, kl 1900.

På denne samlinga vil me først ha ei evaluering av Fitjarfestivalen 2012. Me går gjennom økonomien, organiseringa og dei ulike oppgåvene til ressursgruppene.  Deretter vert det gjennomgong av programmet  me hadde i år, samt idèdugnad for å gjera festivalen endå betre til neste år.

Til slutt vert det sosialt samvær med god mat og drikke. Me ber om bindande påmelding seinast torsdag 30. august.

Send sms til Harald Rydland tlf 91347802 eller Gunn Evy Henriksen tlf 47018222, eller send ei melding på Facebookprofilen til Fitjarfestivalen.

Vèl møtt!

PS.

Me ber om at dei som ikkje har levert timelister for dugnaden gjer dette snarast råd. Følg linken for å finne timelista: http://www.fitjar.kommune.no/kultur/fitjar-kultur-og-idrettsbygg/timeliste-for-dugnad-pa-fitjarfestivalen-2012/.  

Timelista kan sendast til gunn.evy@hotmail.com, eller leverast på festivalsamlinga.