Ordførar Harald Rydland. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

– Folk må vera førebudd på at det kan koma tiltak på kort varsel.

På få dagar har det vore mange nye smittetilfelle i Stord kommune. I går testa heile 19 personar positivt, og framleis ventar ein på svar frå mange hundre testar. Gjennom nærkontaktar har utbrotet på Stord forgreiningar til Fitjar, og fleire innbyggjarar er i karantene som fylgje av dette.

Ordførar i Fitjar kommune, Harald Rydland, fortel Fitjarposten at kommunen følgjer situasjonen i nabokommunen tett, og har no kalla kriseleiinga inn til ekstramøte kl.09.

– Kriseleiinga var samla seinast i går, men det var før Stord kommune meldte om 15 nye smitta heilt på tampen av dagen. Enn so lenge held me i Fitjar oss til nasjonale råd og reglar, men folk må vera førebudde på at det på kort varsel kan bli vedteke strengare reglar lokalt.

Rydland fortel at smittevernlegen i Fitjar Odd Kvamme har tett dialog med smittevernlegen i Stord kommune, og at det vert naturleg at ein «speglar» eventuelle tiltak dei innfører.

– Framleis er mykje uklårt, og ein ventar mange testsvar frå innbyggjarar i frå båe kommunane i løpet av dagen. Me vil oppdatera Fitjarbuen om situasjonen og strategien framover etter møtet i dag, seier Rydland.

Han oppmodar folk om å vera varsame, og ha ekstra godt smittevern.