Kultursjef Bente Bjelland med initivtakarane til stadnamnprosjektet, Magnar Kloster og Harlald Westerheim. Foto: Kjetil Rydland.

Tre eldsjeler har teke kontakt med kultursjef Bente Bjelland for å koma i gang med samling av stadnamn i Fitjar på frivillig basis, og gjera denne digitale samlinga tilgjengeleg for ålmenta.

På det innleiande møtet med eldsjelene i går helsa kultursjefen initiativet svært velkome. Særleg med tanke på kulturminneplanen meiner Bente Bjelland at dette arbeidet er viktig. Som kjent har Fitjar kommune hausta mykje vellæte for kulturminneplanen, som blei ferdig i 2015.

Kultursjefen reknar med at innsamlinga av stadnamn vil vera med og utfylla kulturminneplanen. Målet med prosjektet er å kartfesta flest mogeleg namn på digitale kart, og laga lydfiler med uttalen av namna, og foto av nokre namneobjekt.

Harald Westerheim har gjort ein grundig jobb med å førebu prosjektet, og kartlagt ulike tilnærmingsmåtar og teke kontakt med fleire aktuelle samarbeidspartnarar. Han har fått til eit samarbeid med Nordhordlandskart, eit fellesprosjekt der ti kommunar i Nordhordland har gjort ein liknande jobb. Fagleg rettleiing har prosjektet fått frå Universitetet i Bergen.

Det finst ein del tilgjengeleg materiale som kan brukast: Skuleboksamlinga 1931, Gunvald Reiso: Stadnamn i Hordaland 1967, særoppgåver og private samlingar. Men vonleg vil det dukka opp meir no når arbeidet med prosjektet kjem i gang.

Saman me Magnar Kloster er Harald Westerheim no meir eller mindre klar til å begynna arbeidet med å plassera stadnamn på Fitjar-kartet, og å leggja inn lydfiler som viser uttalen av dei lokale namna. Men dei to ringrevane har ikkje tenkt å lesa inn alle namna sjølve. Til dette trengst lokalkjende folk frå heile bygda, gjerne litt tilårskomne folk som kjenner den tradisjonelle uttalen.

Derfor vender dei seg no til publikum; er du interessert i å bidra, anten med innslesing eller innsamling av stadnamn, kan du ta kontakt med dei to nemnde eldsjelene, eller med kultursjef Bente Bjelland. Det er ikkje sett nokon tidsfrist for kor tid prosjektet skal vera ferdig, og arbeidet vil i all hovudsak bli gjort på dugnad.