Ordførar Wenche Tislevoll synest det ser lovande ut med dei representantane som no er valt inn i Fitjar kommunestyre. Snart startar dei samtale med andre parti. Illustrasjonsfoto: Frå eit tidlegare kommunestyremøte. Foto: FP-arkiv/HJS

– Først vil me samla gruppa, styret og dei nye representantane med varafolk. Etter det er det naturleg å samtale med Fitjar Ap, som me har hatt samarbeid med i perioden som har gått. Så vil det vere naturleg å samtale med Fitjar Frp, som har støtta oss – og kanskje med fleire parti òg, før det heile vert setla, seier ordførar Wenche Tislevoll om sonderingane som snart tek til.