Ungdommar frå Sagvåg samla seg i går kveld i Nysæter kyrkje, i sorg over at ein av sambygdingane deira, 20 år gamle Magnus Solvoll, omkom i bilulukka ved Jektevik i går føremiddag. Jentene på 6 og 16 år som vart alvorleg skadde, høyrer og heime i Sagvåg, melder Haugesunds Avis. Dei melder òg at politiet ønskjer å komme i kontakt med vitne til ulukka, og ber passasjerar som kom med 09.00-ferjen fra Austevoll i går ta kontakt på tlf. 02800.