Sist laurdag ettermiddag ville Susanne og Emilie sjå om det gjekk å samle inn nokre kroner til SOS Barnebyer. Og resultatet blei bra det. 1069 kroner viste oppteljinga i banken.

Utstyrt med saft, kakao, kaffi , muffins og kake ordna Susanne Vestbøstad og Emilie Haukeland seg til for å selje på den nye leikeplassen på Vestbøstad. Og salet gjekk bra. Så bra vart resultatet at dei kunne sende 1069 kroner til SOS Barnebyer. I tillegg til å selja spelte Susanne gitar, og begge song. Om det var gode muffins eller fin song som gav det gode resultatet, er uvisst.