Humorist Hans Morten Hansen samla fullt hus og fylte salen med latter med sitt einmanns-show Is this it? laurdag kveld.

«Det er kjekt å sjå at det er folk på Fitjar om vinteren og», sa stavangermannen som har delteke på fleire sommarrevyar her, og hausta applaus frå salen.  Hansen var og på Fitjar med Stand up-show i kultursalen på same tid i fjor, og nokre meinte han var hakket betre då enn denne gongen. Men det var med akkurat dette showet, Is this it?, Hans Morten fekk prisen som beste standupartist under Komiprisen 2010. Hansen er og verdsrekordhaldar med sitt 38 timar, 14 minutt og 13 sekund lange show som han hadde på Aker brygge i 2010. Verdsrekordhaldaren er vorten karakterisert som eit verbalt fyrverkeri, og det kan ein gjerne sei. I kveld heldt han det gåande i 1 time og 8 minutt med vitsar og morsomme observasjonar berre avbroten av nokre slurkar med vatn og nokre skarpe blikk og kommentarar mot visse stader i salen. I salen var amfistolane trekt til sides, og publikum, totalt 185 stykk, sat rundt bord og koste seg. Komikaren har tydelegvis, med sitt vakne auga, samla på ein del irritasjonar, som han presenterte på ein slik måte at det vart både morosamt, til tider overraskande og stadig kalla fram rungande latter i salen. Det var ingen raud tråd i showet, anna enn han som stod på scenen, og han var innom det meste. Det handla om vulkanar, aske, månelanding og moonwalk, ulike yrkesgrupper, barndomsminne og mange reiseminne. Innimellom reint prat hadde han nokre historier der han brukte mimikken sin til fulle, og dette var kanskje noko av det beste i showet. Publikum tok elles dei aller fleste poenga, det var feststemning i salen og folk var i godt humør både då dei kom og då dei gjekk. Etter showet gjekk ein del vidare til hotellet for å fortsetta festen der.

Sjølv om ikkje Hansen kjem til Fitjar verken i sommar eller til neste år, lovar Ole Bergesen nytt humor-show på same tid neste vinter.