– Me kursar oss i «Vurdering for læring», og dette skal inn i alle fag. Me vil difor ha eit sterkt fagleg fokus, samstundes som me like sterkt held fram mottoet for skolen: «Kunnskap og vennskap hand i hand».

Det er rektor Siv Grete Stamnes ved Rimbareid skule som seier dette i starten av eit nytt skuleår. Tidleg i dag helste ho alle elevane frå 2. til 10. klasse velkomne på fotballbanen nedanfor Gymsalen. 

– Det er veldig kjekt å få elevane på skulen igjen. Det er jo dei det heile handlar om. I år vert det eit spesielt år med utbygging og mindre skuleplass. Men me har erfaring for at elevane tilpassar seg lett. Samstundes er det viktig at alle tenkjer sikkerheit, seier Stamnes, eigentleg svært avslappa, sjølv om ei røys med folk vil ha ein bit av tida hennar denne første skuledagen.

– Kva med dei nye valfaga?

– Det vert spennande. Av dei åtte UD har skissert, startar me opp med fire. Det er: Teknologi og praksis, Produksjon for sal og scene, Design og redesign og Fysisk aktivitet og helse, får me vite.

– Er det noko anna du vil fokusere spesielt på i år?

– Vi skal ha fleire fagteam, og ein langdag for lærarane til kl. 16.00 i staden for to til 15.15 som me hadde før. 

Det handlar om at me skal bli betre i forhold til eiga læring, og om at me skal gjere kvarandre gode, seier rektor Siv Grete Stamnes til slutt.