Torsdag var 5.6.og 7. klasse på Øvrebygda skule ute på strandrydding.
– Elevane blei transportert frå Koløyholmen til Kuvikjo på Ålforo med båt frå Engesund Fiskeoppdrett. Det bles frisk søraustleg vind, men Einar Waage var ein dyktig kaptein, fortel rektor Sigbjørn Aarland.

Elevane samla heile 25 sekker med plast som SIM tek i mot.
Inntektene frå ryddeaksjonen skal gå til TV-aksjonen «Et hav av muligheter» 18.oktober.
– Elevane fann mykje plast, og det mest skremmande var alt plasten som var halvveges grodd ned i jorda. Elevane koste seg, og samstundes fekk dei erfare og sjå konsekvensane av plasten som rek i land.
Elevane skal arbeida vidare med temaet på skulen etter haustferien.