På tysdag vitja ferierande samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) ordførar Harald Rydland (KrF) i Fitjar.
Saman med familien sin var Knut Arild Hareide på gardsbesøk på Rydland tidlegare i veka.

– Både born og vaksne helsa på hunden Kasper, gardskjetta med 3 kattungar, sauer, høner, kyr og kalvar. Dei fekk til og med oppleva at ei ku kalva medan dei var på besøk i fjøset. Borna avgjorde at stutkalven (kalven på biletet) skal heita Kevin Matias, skriv ordførar Rydland til Fitjarposten.
Sjølv om det vart mest sommarleg koseprat med statsråden og familien, kom ein så vidt innom aktuelle politiske saker.
– Eg nemnde avgjerda om å redusera tilbodet på Stord trafikkstasjon som ei sak me var opptekne av i regionen. Eg fortalde at eg hadde skrive ned nokre tankar som eg ville senda til departementet om den saka. Hareide lova å sjå på det, fortel Rydland.
Kan ikkje sjå at det gjev økonomisk eller kvalitetsmessig effekt
Samferdselsdepartementet fortalde i juli at skranketenestene og praktisk førarprøve for MC skal fjernast frå trafikkstasjonen på Stord. Rydland meiner departementet ikkje viser argument som seier at dette gjev økonomiske eller kvalitetsmessige gevinstar.
– Einaste effekten som kjem ut av dette, er at folk i Sunnhordland får eit dårlegare tilbod, og at Stord som regionssenter vert svekt.
Rydland skriv vidare at det er fornuftig at institusjonar og organisasjonar frå tid til anna tek ein gjennomgang av sin eigen aktivitet og ser på om ein når målsetjingane på ein god og rasjonell måte. Men han meiner det må føreliggja gode grunnar dersom ein skal endra eit tilbod som er velfungerande.
– Når det gjeld Stord trafikkstasjon, kan eg ikkje forstå at det finst gode nok grunnar for å svekka tilbodet der ytterlegare. Difor vil eg på det sterkaste oppmoda til at tenestetilbodet på Stord trafikkstasjon vert halde oppe, avsluttar Rydland.