Samarbeidsrådet for Sunnhordland arrangerer studenttreff i Bergen 1. november. Målgruppa er studentar og andre som er frå, eller har interesse for Sunnhordlandsregionen. 

– Me ynskjer å marknadsføra Sunnhordland som bu- og arbeidsregion, heiter det i et skriv frå Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Til studentane vert det vidare skrive:

«Bedrifter, kommunar og andre offentlege etatar inviterer deg som kjem frå Sunnhordland eller deg som ynskjer å bli betre kjend med regionen til treff 1. november kl. 18-21 på Radisson Blu Hotel Norge.
 Meld deg på innan 25 oktober, men ver rask – talet på deltakarar er avgrensa!
 Påmelding til SMS med namn, studiestad og epostadresse til tlf 917 45 102 eller epost til firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no 

På treffet vil du få meir kjennskap til mangfaldet av jobbmoglegheiter regionen har og forventar å ha i framtida. Her vert det god tid til å knyta kontaktar med framtidige arbeidsgjevarar. 

Du får god servering, og det vert trekning av iPad og festivalpass til Stordfest i 2013.»