Dagleg leiar ved Sunnhordland museum, Jane Jünger, og fitjarrådmann, Atle Tornes, skreiv i dag under på ein samarbeidsavtale som går ut på at Sunnhordland museum no overtek drifta av Årskog museum.

– Frå Sunnhordland museum si side har me i alle år hatt ein representant i styret i Årskog museum, og me har heile tida kjent eit visst ansvar for dette museet. Så me er ikkje ukjende med det me no overtek drifta for, seier driftsansvarleg ved Sunnhordland museum, Magne Gravdal, til fitjarposten.no.

Ordførar Harald Rydland fortalde at museet så langt er blitt drive av eldsjeler som har gjort ein framifrå innsats. – Men no byrjar desse å bli gamle, og det er då greitt å få drifta over i fastare og profesjonelle former. Eg er difor glad for at Sunnhordland museum kan ta på seg dette, sa han.

Dagleg leiar i Sunnhordland museum, Jane Jünger, er òg godt nøgd med samarbeidsavtalen, og ho lovar at det i alle fall skal vera minst ein open dag på museet kvart år. – Då gjerne i samarbeid med lokale lag som Fitjar Bondekvinnelag og Fitjar Husflidslag, vonar ho og legg til:

– Me har òg jobba med eit museumsopplegg for skulane i Fitjar, og målet er at alle skuleelevane i Fitjar skal få ta del i eit opplegg på Årskog museum i løpet av barneskulen. Kanskje blir det slik at det er kvar 2. klasse som får dette tilbodet, smiler ho til slutt.

Under engasjementet delte rådmann Atle Tornes ut blomar til Jane Jünger og Hilma Lønning. Sistnemnde som representant for eldsjelene.  Hilma har gjennom mange år gjort ein formidabel innsats for museet i Årskog.