Kyrkja og indremisjonsforeiningane i Fitjar går til våren saman om å arrangere Alpha-kurs. – Eg vil absolutt anbefale folk til å melda seg på, seier Eva Pernille Tufteland som har teke kurset.

«Alpha-kurs er en mulighet for hvem som helst til å utforske den kristne tro innenfor trygge rammer», kan ein lese på Alpha Norge si nettside. 

Kurset vert opplagt slik at ein startar med kveldsmat, så vert det ei undervisningsøkt om sentrale tema i den kristne trua før ein samlast til samtale i grupper. Ein treng ingen bibelkunnskapar for å vere med på kurset.

– I Fitjar er kurset lagt opp over ein del onsdagskveldar, og det varer to timar kvar kveld. Det heile startar med Alpha-middag på Fitjar bedehus onsdag 9. januar 2013. Alpha har låg terskel, det er venleg og det er moro. I tillegg er Alpha noko som dei aller fleste kyrkjesamfunn i Noreg støttar opp om. Meir enn 10 millionar menneske over heile verda har funne ut at det er verd å gjennomføre Alpha i kyrkjer, forsamlingslokale, i ein heim, på studiestaden eller i eit fengsel. Lurer du på noko kan du ta kontakt med sokneprest Olav Oma (90 63 88 25) eller soknerådsleiar Torunn Aarskog (40 40 41 46).

– Ein kollega på jobben inviterte meg med, fortel Eva Pernille Tufteland. – Det var litt bob-bob, men eg hadde lyst til å lære meir om kristen tru og fellesskapen. Så opplevde eg heile kurset utruleg flott og sterkt, og det enda med at eg fann fram til ei trygg og god tru, seier ho til fitjarposten.no.