Våren 1976 gjekk dei ut av ungdomsskulen. Laurdag var klasse 9ab ved Rimbareid skule anno 1976 samla igjen, saman med to av lærarane sine, Johannes H. Sekse og Håkon C. Hartvedt. Dette kullet var spesielt. Tre lærarar hadde mest all undervisninga, og vart difor spesielt godt kjende med elevane. Elevane laga vidare revy som dei turnerte med, og dei var på ei heil rekkje turar. -Såleis vart det eit heilt spesielt, godt sosialt samband mellom oss, fortel Rønnaug Hestenes i arrangementskomiteen.