Sydlandske salsatonar strøymde utover både frukt og grønsaker då ei jentegruppe dansa i SPAR-butikken i ettermiddag.
Jentene tilhøyrer alle det talentfulle «Jenter 2000-2001-laget» som Fitjarposten skreiv om i papirutgåva som kom på onsdag.
På denne måten kunne dei gi litt tilbake til SPAR som har støtta fitjarfotballen i mange tiår.
Odd Sverre Larsen styrte musikken og var eit einaste stort smil då jentene synte både fram sine salsakunstar og ein flott linedance.
– Eit frisk innslag i handlekvardagen, let ein av dei handlande.
Ingressbilete: Jentegjengen i gang med salsa-en. Foto: Håkon C. Hartvedt
Linedance på SPAR. Foto: Håkon C. Hartvedt