Songar Marianne Juvik Sæbø og pianist Terje Kleppe kom til Fitjar med flott lovsong, skrytte  av allsongen i kyrkja og reiste heim med Fitjarpoteter.

Det er seks år sidan den kjende kristne songartisten Marianne Juvik Sæbø hadde konsert på Fitjar sist, og ei fullsett Fitjar kyrkje tyda på at folk satte pris på gjennsynet med den flinke sopranen. Marianne er ein songar med klårt bodskap både i songtekstane og mellom dei. Temaet vart satt i det den klokkeklare røysta frå Askøy starta konserten med å fylla kyrkjerommet med lovsongen O store Gud.

Marianne er ein allsidig songar som denne kvelden framførde både opera, rolege viser, flotte salmer og fengande gospel-songar.  Mange av songane var himmelvende. Det meste gjekk på norsk, noko som alltid gler særleg den eldre delen av publikum og dei som set pris på eit tydeleg og klårt budskap i teksten.  Mellom det norske dukka det og opp nokre svenske tekstar, og gospelavdelinga gjekk sjølvsagt på engelsk.

Alt vart kledeleg akkompagnert og flott understreka av Terje Kleppe sitt gode pianospel. Her var det ingen briljerande solistspeling men eit fantastisk samspel og  ei flott forsterking av songaren og bodskapen i tekstane. Dette nådde sitt høgdepunkt i den sterke framføringa av den kjende salmen Lær meg å kjenne dine veier.

Publikum sette og pris på høvet til å få synga med på tradisjonelle salmer og allsongen var som alltid flott i Fitjar kyrkje.

Me har vår eiga Gabrielle på Fitjar (Marthe Volden Nordfonn) som har hatt mange sterke framføringar av Gabriellas song og som det skal mykje til å nå opp til, men det at Marianne tok denne songen inn i kyrkja gav teksten ein ny og endå sterkare dimensjon.

«Jag vill leva lycklig för att jag är jag. Kunna vara stark och fri. Se hur natten går mot dag. Jag är här och mitt liv är bara mitt, och den himmel jag trodde fanns, ska jag hitta där nånstans».

Som takk for den flotte himmelvende konserten fekk songar og pianist ikkje berre kvar sin blom med seg heim men og spesialiteten tapas-fitjarpoteter frå Fitjargarden. Skulle det vera noko me kunne ynskja var annleis så var det ein lyskastar retta mot songaren slik at me ikkje berre høyrde gleda i songen, men og tydeleg fekk sjå det strålande smilet til songarinna.