Onsdag vert det ny temakveld i Fitjar kyrkje. Temaet denne gongen er Salmekveld – vi lærer salmar frå det nye salmebokforslaget. Opplegget heng saman med høyringsforslaget til ny salmebok som no er ute til høyring.

-Kyrkjekoret i Nysæter kyrkje Sanctus vert med. Kantor i Nysæter, Bjarte Aadland leiar koret, medan kantor i Stord Kyrkje, Jan Overweg akkompagnerer på piano og orgel. Han har det vakre kisteorgelet sitt med seg, fortel Eli Simonsen til fitjarposten.no.

Ho fortel vidare at det i løpet av salmekvelden vert  både korsong, fellessong og kombinasjonar av kor-fellessong. Alt stoffet er frå høyringsutkastet til ny salmebok.

-Salmane er varierte: bedehussongar, folketonar frå andre land ,spirituals og nyskrive norsk stoff.
Me vonar mange tek turen til Fitjar Kyrkje denne kvelden!, legg Simonsen til.

Merk tida: Onsdag 29/4 kl 19.30!!!