25.oktober er det ny temakveld i kyrkja. Denne kvelden set me fokus på religiøse folketonar
Me har også tidlegare samla oss om ulike typar salmar, og synest at dette er ein fin måte å verta betre kjend med salmeboka på.
Veit du at ho inneheld meir enn 40 norske folketonar og ca.30 frå andre land? Alle desse klarer me neppe å koma gjennom på ein kveld, men nokre av dei skal me kikka litt nærare på.
Det vert mykje fellessong, me har invitert Osternes Mannskor, og Ingolf Rimmereid kjem for å dela noko av sitt repertoar med oss.
Me vonar mange har lyst til å vera med og pussa støv av salmeskatten denne kvelden!
Velkomen!