Solveig Vik har rigga seg til i 2. etasje i Larsen bygget, her sel ho flotte klede for kvar ein smak.

Solveig Vik er ein av mange som ser fram til våren, og når våren kjem er det sjølvsagt kjekt med nye klede. Ho har tatt inn det danske merke Green House, eit merke ho har selt litt av tidlegare.
– No er snart Kvinnedagen her, så eg syntes dette var ein fin anledning til å vise fram desse flotte kleda, fortel Solveig Vik.  Det blir berre selt av forhandlarar, og det er full bytte- og returrett. Her er det klede for kvar ein smak og folk i alle aldrar. Når me først var å kikka, måtte me sjølvsagt ta å prøva eit par klesplagg (bilete)

Ho har rigga seg til inne hos Cafe` Annemor fredag 18.00-21.00, laurdag 10.00-13.00 og sjølvsagt på kvinnedagen 8. mars klokka 20.00, og ho oppmodar alle til å kome å kikke og prøve klær. Ho tar i mot bestilling, og bestiller inn allereie tysdag 9.mars.

Du kan sjølv gå inn å sjå på kleda på www.green-house.com

Alle er hjarteleg velkomne!