Dette er selskapet som i si tid var stifta som Tysnesbrua.

 Med unntak av Stord kommune sine 7,41% av aksjekapitalen, høyrer alle dei store aksjonærane heime på Tysnes. Fitjar har berre 0,7 % av aksjane. Stridstemaet er plassering av bru over Langenuen.

På eigarmøte i juni 2014 var det full semje om brukryssing i sør. Og seinare har selskapet gått sterkt ut i media og sagt at dei vil arbeida og påverka for å få bru i Langenuen så langt sør det let seg gjera. Dette harmonerer ikkje med Fitjar kommune sitt syn eller vedtak i Samarbeidsrådet, der det heiter at ein ventar på Statens Vegvesen si utgreiing om kryssing.

Der ligg inne tre alternativ: Levåg, Raunholm og Jektevik. På grunn av selskapet sine sterke uttalar, var framlegget frå formannskapet å selja aksjane.

Harald Rydland, Krf, synte til at det var delt innstilling i formannskapet. Dette er berre symbolpolitikk. Oppnår me noko med det? Vårt mål er å få brua lengst nord. Dersom me sel, misser me ein arena der ein kan påverka. Plassering av brua vert uansett gjort på sentralt hald. Me må vera samla i regionen. Det er ikkje undergang for oss om brua kjem i sør. Dersom aksjane vert lagt ut for sal, kan eg tenkja meg å kjøpa dei, sa Rydland.

Lars Ove Rimmereid, Sp, sa seg samd. Det er feil å melda seg ut på grunn av ei sak. Det må i så fall vera på prinsipielt grunnlag. Dette er ein allianse der alle bør vera med. Det kjem fleire saker.

Arne Prestbø, H, forsvarte vedtaket om sal.

Ved voteringa røysta 11 representantar for sal. 6 røysta imot.

Ingressbilete: Lars Ove  Rimmereid i debatten. Foto: Harald Johan Sandvik